Om Oss
Stryn Treskifestival arrangerast i år for 12. gong. 

Festivalen vert i år arrangert den 21. - 22. februar på Per Bolstad plass, i hjartet av Stryn sentrum. 

Treskifestivalen er ein folkefest med barneskirenn, langlaup, VM skiskyting på storskjerm, konkurransar, basar, dans og mykje moro. Treskifestivalen er unik i Norge, den samlar mykje folk i sentrum. Og gjev positiv PR til bygda vår både i lokal og nasjonal presse. Samt skapar liv og røre i Stryn sentrum på ein elles rolig periode av året.